søndag 9. oktober 2011

Null framgang

Etter at sjølvstendige tankar dukka opp i hovudet, i større grad enn før, har ikkje blogging og bloggarar appelert veldig til meg direkte. Eg har derimot vore innom mange bloggar. Alt frå tenåringar som treng merksemd, vaksne som treng merksemd, og det som er kjent som seriøse bloggarar i Noreg og i utlandet. Ein må jo sjølvsagt vere oppdatert på det som har fått makt i dagens Noreg, og bloggarar har fått innflytelse. Utruleg nok, i somme tilfelle.

Dei få bloggarane eg har kunne relatert meg til, er dei som fortel om problem i kvardagen og problem før i livet. Det har blitt enkelt å drage trådar frå andre sine erfaringar til eigne. Uansett er det veldig ironisk at eg no tyr til blogging. Men akkurat no er det den einaste plassen der eg føler ting kan bli sagt, utan å bli uglesett.

For slik har det dessverre blitt. Frå å flyte gjennom alt, det vere seg barneskule og ungdomsskule med lettheit, sosiale samanhengar, mange verv og mykje ansvar i ung alder, til nesten ingenting. Vidaregåande var ei kjekk periode, men eit utruleg stress etterkvart. Eg kom meg derimot gjennom med heller gode karakterar, utruleg nok. Men spesielt dei to siste åra var rare. Det var først då ting blei verkeleg stress, etter at mange andre ting fell frå og tankane byrja å vandre lenger enn nødvendig.

Helseproblem i litt for ung alder har skapt mi psykiske helse om til noko ugjenkjenneleg. Dette veit då ingen andre enn meg sjølv. (Eg burde vel eigentleg fortalt dette til ein psykolog..). Venner og familie veit berre om helseproblem, då eg helst ikkje vil ha det til meir enn ein bagatell. Ting har generelt blitt vanskelegare dei siste åra. For 4-5 år sidan, då eg var midt i ungdomen, var eigentleg alt perfekt. Skule gjekk fint, eg var god i fleire idrettar, var aktiv rundt og for andre ungdom, og fekk generelt gjort det eg skulle. Eg sa at noko skulle bli gjort, og så blei det gjort grundig. Spurte nokon meg om å ta på meg ansvar, så tok eg på meg ansvar. Og det gjekk fint å ta ansvar, for eg hadde både overskudd, driv, klokskap og krefter. For eg ser på meg sjølv om over gjennomsnittet klok, og langt over gjennomsnittet rasjonell.  Litt for rasjonell og nede på jorda av og til. Dette vil eg då ikkje betrakte som "skryt", men meir ei betraktning av korleis mi tid på jorda så langt har vore så langt. Kor vidt eg er like sosialt klok får vere opp til andre å bedømme. Men uansett er det ganske ekkelt å vere der eg er no.

For i augneblinken er det få ting som blir fulgt opp. Eg har hatt ein jobb eg har elska i fleire år no, som eg framleis har og som driv meg så vidt framover (kanskje). Eg har fått sjansar i livet som få andre får i så ung alder, og eg har fått oppleve mykje. Eg har ei fantastisk flott familie, og mykje familie rundt meg, og eg har mange og gode venner. Pengar har aldri vore eit problem. Det vere seg for både familien og meg sjølv gjennom livet. Det er framleis ikkje noko problem, for mine utgifter er heller lave, då mykje tid blir kasta vekk på å gjere absolutt ingenting.

"Ingenting" har vore stikkordet gjennom, minst, det siste året. Sjukdom og diverse plager har gjort at det meste av alt har blitt gjort maksimalt halvvegs. Og med halvvegs meinar eg at kva eg gjer varierer frå morgon til morgon. Eg kan stå opp mandagen og ha lyst til å gjere alt. Eg kan til og med få gjort 99% av det eg vil ein dag. På tysdagen kan eg derimot våkne klokka åtte, men i staden for å stå opp, så søv eg seks timar ekstra og står opp klokka to. Mine foreldre, spesielt mor mi, har sett dette i sjukdomen, som låg over meg ganske lenge. Det kan vere ein grunn, men no - eit halvt år etter - har eg eigentleg mine tvil. Det er nok meir tankane på at eg ikkje får gjere halvparten av det eg har tenkt eg vil i livet. Ein jævlig samanskrudd kropp har øydelagt.

Så får eg høyre historiene om andre, som eg veit har det så mykje verre enn meg sjølv. Eg har både medfølelse og tenkjer i perioder at eg er heldig som "ikkje har det fælt". Allikevel gjer ikkje det ting lysare. Musikk hjelp derimot veldig på, det har delvis blitt livbøya i dei tyngste periodene. Ei anna har blitt mat. Eg har blitt 20% tyngre etter at eg måtte slutte med det eg ville drive med av idrett. Og med liten til ingen motivasjon til trening, har det blitt unødvendig mat i dei tyngste tider.

Tungt har det vore, men eg har faktisk fungert greitt i det sosiale. Det varierer sjølvsagt der også, spesielt kor mykje eg involverer meg, men eg har hatt mykje moro saman med både familie og venner. Men sjølv i sosiale samanhengar har eg gått i dørken. Ein laurdag i sommar sat eg fire timar for meg sjølv på ei kai - med promille. Eg hugsar alt eg tenkte der og då, og nokre av tankane har kome over meg seinare.

Det eg spesielt tenkte på var korleis eg ville gjere ting vidare. Eg kom ikkje fram til noko løysing. Det vere seg både på kaia med alkohol i kroppen, eller seinare edru. Eg har spurt meg sjølv om det er noko poeng å orke meir, men eg vil ikkje påføre andre enn meg sjølv noko.

No har eg vore på sjukehuset fleire gonger, for kanskje å få svar for framtida. Svara har vore tilnærma utelukkande negative - i forhold til eg hadde tenkt ut livet. Planane har heller ikkje vore enorme. Eg hadde aldri plan om å bli verdens beste alpinist, eller om å bli astronaut (...), men kun ein plan om å få jobbe med det eg ville. Slik andre rundt meg ser det, så er nok den planen null problem å nå. Slik eg ser det er det for langt opp og fram. For etter over eit år der ingenting har blitt gjort 100% over tid, ser eg få vegar ut. Eg vil kanskje prøve å få profesjonell hjelp, kanskje smertestillande og antidepressiva i større grad, men akkurat no tvilar eg på det vil hjelpe.

Ein ting er i alle fall greitt her og no, og det er å få bruke internett til å få utløp for ting. Eg er ung, men slit med å tilpasse meg samfunnet rundt meg, til tross for at eg hadde moglegheiter til å bli kva eg ville for berre 3-4 år sidan. Akkurat no håper eg ingen vil lese dette. Akkurat no er det berre greitt å ha skrive det ned ein annan plass enn i eit worddokument som andre kan finne.

Eg får betrakte dette som ei slags dagbok.